På laurdag opnar Hjortefestivalen 2008 på Imsland Bygdahus, men tjuvstartar alt på fredag med Hjortepub i Oldemors hus i Vats. Utover i festivalen blir det ulike kurs og aktivitetar, eit fagseminar i Aksdal, før det heile blir avslutta med Haustmarked i Vikedal og Gourmétaften i Sandeid.
Onsdag i sist veke vart DinJakt AS etablert i Vindafjord. Kapital er på plass og no startar utviklinga av utmarksbaserte reiselivsprodukt, i første omgang basert på hjortevilt.
Hjortefestivalen har gjennomført si første gjestejakt, og i førre veke var Nicolai Løvenskiold, Tore Rynning Nilsen, Kim Wahl og Lars Rimereid, alle frå Oslo, på hjortejakt i ulike område i Vikedal og Imsland.
Hjortefestivalen er vel i hamn, og i overkant av 1300 personar var innom dei ulike aktivitetane som festivalen hadde å by på i år
På fredag opna Hjortefestivalen på Svantesvold i Vats, der Tor Åge Hundseid og Vikedal Gardsmat fekk Innovasjon Norge Rogaland sin bygdeutviklingspris for 2007. Denne veka heldt festivalen fram med aktivitetar både i Sandeid, Vikedal og Imsland.
Tor Åge Hundseid og Vikedal Gardsmat fekk bygdeutviklingsprisen under opninga av Hjortefestivalen på Svantesvold fredag kveld.
I ettermiddag opnar Hjortefestivalen 2007 på garden Svantesvold i Blikrabygda i Vats. Tirsdag er det klart for Vinkurs på Vikedal Verthus, onsdag Hjortekveld på Vikedal Bygdahus og fredag og laurdag stort Haustmarked i Vikedal.
Fredag opnar Hjortefestivalen på Svantesvold i Vats. Sidan går det slag i slag i 10 dagar til ende, før festivalen blir avslutta med Haustmarked og avslutning på Vikedal Vertshus helga etter.
Innovasjon Norge kjem til opningsarrangementet til Hjortefestivalen på Svantesvoll fredag 5. oktober for å dele ut Bygdeutviklingsprisen for Rogaland 2007.
Programmet for Hjortefestivalen 2007 i Vindafjord er klart. I år blir det opning på Svantesvoll i Vats og både Gourmeaften og matseminar på Sandeid Samfunnshus. Mat av vilt er valt som tema for festivalen.
Hjortefestivalen BA har hatt årsmøte og sitt første styremøte, og bestemt at Mat av vilt skal vere tema for Hjortefestivalen 2007. Festivalen går av stabelen 5. - 14. oktober, og vil dermed gå over to helger.
|